|
Litt om oss og laget si historie.
I mars 2005 starta vi Båtklubben Vest i Ulsteinvik, som hadde som hovudformål å skaffe ei skøyte som kunne disponerast av frivillige lag og organisasjonar i distriktet, med hovudvekt på sjøredningsgruppa til Ulstein Røde Kors Hjelpekorps.
Klubben kjøpte våren 2005, ei strukturert
Risørskøyte på 50 fot. Denne hadde vi i omlag eit år, der vi pussa henne opp utvendig.
Båten vart selt på grunn av at ho mangla mykje av dei kvalitetane vi hadde behov for, i forhold til overbygg og utforming.
Hausten 2008 kom vi over MS Orient meir eller mindre tilfeldig. Båten låg i Svolvær, og etter ein kjapp tur oppover vart det bestemt at denne båten ville vi satse på. Vi fikk raskt gjort ein avtale med tidlegare eigar, og i november var båten vår.
MS Orient er bygd på Aure i Møre og Romsdal, og representerar eit flott eksemplar av storsildskøytene i vårt distrikt frå tredve- og førtitalet.
For MS Orient vil det bli søkt vernestatus til Riksantikvaren.
Vinteren 2009 skifta vi navn på klubben til Sunnmøre Fartøyvernlag.
Vi har base i Ulsteinvik og pr. dags dato leiger vi kaiplass av Ole Garnes, ved sjøbuda til Sjannøy.
Vår formålsparagraf er som følger:
Sunnmøre Fartøyvernlag er en organisasjon for vern av norsk kystkultur. Formålet er - i samarbeid med andre kulturverninteresser, organisasjonar, skuleverk og bedrifter:
Fremme bevaring og allmenn bruk av tradisjonelle fartøyer, bygninger, anlegg og kystmiljø forøvrig.
Drive opplysningsarbeid for å øke forståelsen for verdien av menneskelige og kulturelle tradisjoner i kysthistorien.
Vedlikeholde og utvikle tradisjoner i næring og håndverk.
Øke den faglige standard i vedlikehold og sikkerhet ved bruken av fartøyer og anlegg.
Ulsteinvik 28.02.2009

MS Orient på Trebåtfestivalen i Ulsteinvik august 2009

MS Orient ved Quality Hotell Ulsteinvik 2009
|