Hei

Sunnmøre Fartøyvernlag

FARTØYVERN OG KYSTKULTUR 

 

 

 Fotoalbum 

 

MS Diann er bygd på Moen ved H. Gregersen Trebåtbyggeri i Risør i 1963.

Bygg nummer 248.

Båten er bygd av eik på eikespant og er kraftig dimensjonert. I forma representerer ho ei typisk Risørskute med kryssarhekk.

 

Båten vart bestillt som nybygg av brødrene Kristoffer Pettersen, Per og Ingvar Kristoffersen frå Flekkerøy ved Kristiansand. Båten fekk navnet Diann og vart brukt til tråling og makrellfiske. 

 

Diann var første båten med radar der i distriktet, ein Kelvin Huges.

Ho vart utstyrt med ein Caterpillar på 245 hk, og farta var då maks. 10 knop. Som nybygg hadde ho styrehus i tre, med mahognyfront.

Diann vart også brukt til storsildfiske på Mørekysten, og i 1965 fekk dei utmerkelsen "Sølvsilda" under sildefiske ved Kristiansund.

 

 

Dette er ein modell av Båten Dajar bygd ved Moen og er svært lik Diann slik ho såg ut som nybygg. Modellen er bygd av Johan Nilsen og står ved Mandal Museum.

 

I dag er MS Diann ombygd med trålbakk, styrehus og egnarhus av aluiminium. Mastene er av jern og aluminium. Lugaren forut framstår som stort sett original. Det er ny motor, ein Scania på 365 HK frå 2003.

 

Ho har skifta eigar i 1968, då vart ho seld til Arthur Dyrnes i Egersund.

Seinare vart ho seld til Abraham Hadland i 1972, som igjen selde den til Partrederiet Nygård i Sirevåg.

 

I 1997 skifta ho navn til MS Jærtrål fram til 2003, då fekk ho navnet MS Myntevik og seinare MS Myntevik Senior.

 

Sunnmøre fartøyvernlag tok over skuta i desember 2008.

 

Vi har beslutta å gi henne det opprinnelige navnet tilbake som er MS Diann.

 

Vår målsetting er å ta vare på skuta slik ho var når ho sist var brukt til kommersielt fiske.

 

 

 

 

 

Moen trebåtbyggeri i Risør

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

     

 

 

MS DIANN        

 

 

MS Diann i ved kai i Kalvåg hausten 2008.

 

 

 

Scania 12 liter 2003 mod. Nogva installert, 360 HK.